lørdag 25. april 2009

Mari Slaattelid Kunstnernes Hus 25.04 2009

Velkomne, alle her og alle 11 000 som står bak oss!

Denne aksjonen har vendt seg til folk i Oslo og resten av landet, på gata og på arbeidsplassar, og samla 11 000 underskrifter på 20 dagar. Me kunne halde fram, Giske kunne fått 20 000, eller om han ville, 100 000 underskrifter, men på denne strålande vårdagen set me strek.

Dette er ikkje ein aksjon for bevaring av gamle bygg. Me vil la Nasjonalgalleriet huse den historiske kunsten fordi det har vist seg vellukka i over 100 år. Me vil la I. C. Dahl, Hertervig, Harriet Backer og Edvard Munch henge, fordi dei er ein suksess som trekkjer 400 000 interesserte kvart år.

Me vil la Nasjonalgalleriet leve som ein stad i verda. Du hugsar silhuetten i byen, fasaden og inngangsdøra, du veit kvar du nettopp har brukt ein time eller tre, du merkar at bygget er tenkt for samlinga, ingen utmattande ørkenvandring men passe stort for ein føremiddag. Du oppsøkjer noko unikt, og det teiknar seg i minnet .

Me vil la Nasjonalgalleriet ruste opp sitt eige hus, for å kunne byggje eit moderne museum, teikna for samtidskunst, med plass nok til kontoristar og publikum, skiftande og eksperimentelle utstillingar, i lang tid framover.

Og medan Nasjonalgalleriet skal vise det beste frå visse epokar, avgrensa og konstant, skal eit museum for samtidskunst overgå seg sjølv, prøve ut det utenkjelege, endre seg utan førevarsel. To så ulike karakterar skal ikkje måtte krangle om plassen i eit fancy fellesbygg.

Regjeringa har gjort norsk kunstutdanning til eit kreativt allkunst-senter ved Akerselva. No planlegg dei eit kjøpesenter for kunst av alle slag på Aker Brygge, eit opplevelses-museum som strekkjer seg frå etasje til etasje med fjordutsikt. Utan at du merkar det, skal du vimse gjennom alle musea som eingong definerte bydelar i Oslo.

Politikarar veit at Nasjonalgalleriet si samlingi ville trekkje folk til Aker Brygge. Men norske politikarar må stole på at eit godt museum for samtidskunst vil kunne bli ein magnet i seg sjølv. Eit museum for samtidskunst på Vestbanen kan bli eit norsk Kiasma eller Moderna Museet ved sjøen. Det vil vekkje interesse og respekt for samtidskunst blant folk flest, stimulere kunstnarar og skape energi for ny produksjon.

I dag er me 11 000 som appellerer til regjeringa:

Nasjonalgalleriet er Tullinløkka si sjel og umisseleg som museum. Lat Oslo og resten av landet få ein tilsvarande spesifikk stad i byen som alle veit er samtidskunsten sin stad!


Mari Slaattelid

No response to “Mari Slaattelid Kunstnernes Hus 25.04 2009”

Leave a reply

 
© 2009 Redd Nasjonalgalleriet. All Rights Reserved | Powered by Blogger
Design by psdvibe | Bloggerized By LawnyDesignz