torsdag 3. september 2009

Mette Karlsvik om Naturhistorisk Museum i Bergen

Naturhistorisk Museum i Bergen er eit viktoriansk bygget på Nygårdshaugen. Vindauga er originale, rugla, skjøre. Dei lek vatn og vind. Innanfor vindauga er Kvalsalen. Den har mellom anna eit blåkvalskjellett. Sjølv blåkvalen har enkelte veldig tynne bein. Fukt og UV-stråling skadar dette og andre objekt i Kvalsalen.

Det har vore eit dilemma: Skulle dei bytte ut dei viktorianske vindauga med andre som i større grad beskytta objekta? Kva veg tyngst: Å bevare det arkitekturhistoriske og kulturhistoriske, eller det naturhistoriske?

Dei er knytt. Difor restaurerar universitetet bygget for at samlingene får stå. Noen må likevel bli flytta til magasin. Hovuddelen av museet blir likevel som før, og forblir dette museet over museum. Bare ein monter blir flytta på. Riksantikvaren rosar og aksepterar plana. Museumsdirektøren er, eg siterar universitetsavisa "Hoppande Glad".

Kan ein pusse opp nasjonalgalleriet til den standarden som krevs for å ta vare på verka? Eg spurte kulturdepartementet. Informasjonsrådgivar Moe Møllerop sa at ein kunne gjere det delvis. Noen rom ville kunne brukast. men i det store og det heile ville museet bli redusert til ein skupturpark. dei seier óg at det ikkje er snakk om å legge ned nasjonalgalleriet. Det er et politisk mål at det fortsatt skal kunne brukes til kunstvirksomhet.

Eg kan ikkje anna enn å ta kulturdepartementet på ordet, særleg i og med Kulturløftet II, som lovar å Ta vare på norsk kulturarv.

Blåkvalen i Kvalsalen var fanga i finnmark, og skipa til naturhistorisk museum i bergen. Sidan er blåkvalen freda. Skjelettet i Bergen er det einaste komplette i verda. Eg vil tru at dei ved naturhistorisk museum ikkje tar noen sjanser mht å utsette dette skjellettet for fukt og UV. Eg kan ikkje anna enn å undre meg over at staten har råd til å rehabliiteere Naturhistorisk Museum tilstrekkeleg, men ikkje Nasjonalgalleriet.

Mette Karlsvik
2.9.09

No response to “Mette Karlsvik om Naturhistorisk Museum i Bergen”

Leave a reply

 
© 2009 Redd Nasjonalgalleriet. All Rights Reserved | Powered by Blogger
Design by psdvibe | Bloggerized By LawnyDesignz