tirsdag 9. juni 2009

Eit forsvar for Nasjonalgalleriet

I innlegget Vestbanen gir muligheter, 2.6., lanserer AP-nestor Britt Hildeng ei slags materialisering av Nasjonalmusé-mastodonten på Vestbana meir snarlikt ei spegling av forsvarsfestninga tvers over bukta. Meir likt det enn den slottsliknande kjøpesenteraktige bygningen som ministeren har fått på netthinna. Men dei snakkar likevel om eksakt same byggverk. For meir er det systemet og det administrative grepet som gjeld enn det å huse kunst. Dette har dei til felles.
Kva forsvarsverket til Hildeng skal forsvare, står meg meir som uklart. Medan eg undrar meg flyr tankane snart til Nasjonen, snart til 1814 og snart til det nye forretningsimperiet Norge - men kanskje er det sjølvaste ministeren ho verjer? Som ein fronkjempar mot dei mange tusen røystene som brått og ubehageleg har trua hans våte draum på trappa til noko skikkeleg stort, vassar ho ut i felten. Assosiasjonen min til kunst forblir her mest ein negasjon.
Ein dag stod eg under Ekebergåsen og kasta eit tilfeldig blikk ned mot byen. Det var som ei slags storslått New York-skyline-filmkulisse var i ferd med å reise seg der nede, som om ei slags enorm anløpsfasade mot cruiseskipsinnseglinga sakte tok form. -Men det er da ikkje sjøvegen folk flest kjem hit til landet, kva er vitsen, tenkte eg, - folk kjem via Gardermoen! Får nokon i det heile tatt eventyret med seg?
Eg har leita med lys og lykte hos Giske denne våren, likeeins som i Hildeng sitt utspel tirsdag, leita etter eitt einaste argument som fungerer, etter gullkorn som gir kunstverda eit truverdig løft, leita som i tørrdokk gjenom livlaus lesing så eg kunne sovne, - utan å finne.
Samlokalisering er mantraet. Vi har høyrt det før, like tilforlateleg, som nesten hyggeleg. Men det er altså ikkje storleiken ting kjem an på, det veit vi jo, storleik imponerer ikkje meir enn eit frø, enn eit atom, enn ei stjerne, ikkje meir enn det minste kunstverket ein veit om eller kan tenkje seg.
Det eg finn i tanke og tale hos Giske og hans våpendragar er ei ufatteleg diger maktarroganse mot alle dei som har via - og som nå og i framtida vil vie - liva sine til å halde opent eit sårt og evig tiltrengt rom for kunst, også her til lands. Ikkje som flatklemde fasadar mot eit utland. Kunst er ikkje foreinleg med politisk maktrasjonalisme, like lite som kunsten held seg med landegrenser. Det er ikkje nasjonalisme å ville forsvare Nasjonalgalleriet i Norge. Det er tvert imot; å forsvare Nasjonalgalleriet er å ta vare på ein liten diamant på ein rund planet i ei stor og grenselaus verd, skapt av eit heilt anna stoff enn akkuttfølt politisk ambisjon.

Gunnhild Bakke
bildekunstnar

Publisert i Aftenposten Aften 09.06. 2009

No response to “Eit forsvar for Nasjonalgalleriet”

Leave a reply

 
© 2009 Redd Nasjonalgalleriet. All Rights Reserved | Powered by Blogger
Design by psdvibe | Bloggerized By LawnyDesignz