Alle føler for Nasjonalgalleriet
Truleg har ei fråflytting av Nasjonalgalleriet inntil nyleg vore like utenkjeleg for styresmaktene som for alle andre. Det nye stormuseet vart planlagt til Tullinløkka for å kunne samlokalisere nye bygg med det ein ikkje kunne flytte på, det sterkaste kortet i fusjonen, nemleg Nasjonalgalleriet. Vestbaneforslaget var for spektakulært til at Stortinget og andre forstod kva det skulle innebere: nemleg at Nasjonalgalleriet ikkje lenger var med. For at ingenting no skal komme i vegen for ein komplett museumsbydel ved Aker Brygge, blir det uopprettelege i ei sanering bagatellisert. Dei nær 400 000 årleg som har leita seg opp Karl Johan og funne Nasjonalgalleriet midt i byen, skal bli den stabile stamma i besøkstalet som gjer museumsbydelen drivverdig. Munchsalen og Tidemand og Gude har den folkelege appellen samtidskunst og design manglar. Så får det vere om bak-byen ligg litt grisgrendt igjen, med handlegater og kontor og eit og anna einsleg teater.
Til ”dei spesielt interesserte” som har argumentert for ei delt løysing der det gamle Nasjonalgalleriet kan fungere som før, er rådet frå den dynamiske ministeren at debatten ikkje bør bli langvarig. Samlinga skal få betre kår, blir det forsikra om, og det blir ymta om kulturføremål i det gamle bygget, noko det etter alle solemerke kan eigne seg for. Men den breie aksjonen for å redde Nasjonalgalleriet rettar seg ikkje mot å bevare bygningen. Ein motarbeider heller ikkje samanslåinga frå 2003, det har ingen lenger krefter til. Ulike aktørar frå kulturnæringa uttalar seg strategisk og litt forsiktig om det som no skjer. Aftenposten tek interessant nok den rike samtida sin posisjon, mot fattigare tiders minnesmerke, og stør no på leiarplass ei statsforvaltning utan pietet og utan verdiar. Direktør Audun Eckhoff sitt argument for nedlegging av sitt eige museum, er osloklimaet og altfor store tekniske utfordringar. Dei som manøvrerer Nasjonalgalleriet mot stupet, har skrudd opp tempoet og Eckhoff må ha si fulle hyre med å henge på. Det har kanskje ikkje vore tid til å rådføre seg med nasjonalgalleria i Stockholm (som no renoverer for ein milliard), Helsingfors og St.Petersburg, som alle held til i teglsteinsbygg på om lag same alder og same breiddegrad som Oslo.
Folk som passerer forbi på gata under Nasjonalgalleriet sin lett forfalne fasade, skriv seg nesten utan unntak på bevaringsaksjonen si liste. Dei forstår intuitivt at Nidarosdomen, Stortinget, Eidsvollsbygningen og Nasjonalgalleriet er stadeigne institusjonar, der bruk og innhald gjev bygget meining og omvendt. At fråflytting er å slette spor som er gjenkjennelege og kan lesast av tilreisande frå alle kantar av verda. Vanlege avislesande menneske er opprørte over kva kulturministeren, med usvikeleg arroganse, no pressar på for å få gjennomført. Det er denne ikkje-kalkulerte reaksjonen som uttrykkjer kva Nasjonalgalleriet er verdt.
Giske karakteriserar konsekvent motiva for motstanden på ein omtrentleg og villeiande måte: ”De som bruker bevaringen av Nasjonalgalleriet som et argument mot sammenslåingen, bør innse at løpet er kjørt.”(Aftenposten tysdag 31.3.2009) Eller ”Hvis de som nå kjemper for å bevare Nasjonalgalleriet mener bygningen, så har de egentlig allerede vunnet. Da kan de bruke kreftene på noe annet. Hvis de er opptatt av at det skal rehabiliteres til nye formål har de også en god sak.”(Morgenbladet, veke 13, 2009) Etter eit kort intermesso med økonomisk argumentasjon, er nedlegging igjen ei såkalla politisk avgjerd. Men kvifor så raus mot alt som varer ei veke og smakar av velfødd festkultur, og så rå mot det han sjølv og alle nordmenn har arva av kulturell sjølvkjensle og kontinuitet, verdiar som rett nok er like usynlege for ministeren som for oss andre, men som han for ein kort periode er sett til å verne om. Dette minnesmaterialet skal nettopp kunne forme norske rockpoetar i framtida. Å fråta poetar og andre den europeiske felleshistoria, er ikkje berre uansvarleg, men også illojalt. Det kan vise seg allereie ved stortingsvalet til hausten.
Mari Slaattelid
Billedkunstner
tirsdag 7. april 2009
Alle føler for Nasjonalgalleriet - Mari Slaattelid - Dagsavisen 06.04.09
Etiketter:
Avisartikkel,
Dagsavisen
No response to “Alle føler for Nasjonalgalleriet - Mari Slaattelid - Dagsavisen 06.04.09”
Leave a reply